Foto: Isabelle Ullenes Hagen, Helle Gard

Rasestandard for Vestlandsk Raudkolle

Vestlandskraudkolla har sitt utspring frå det gamle Lyngdalsfeet som på 1800 tallet vart kryssa med feet frå Rogaland. Det gamle Lyngdalsfeet var slik historia fortel også rødt og kolla. Mykje likskap med dagens Vestlandskraudkoller både med fargesamansetning og eksteriør.

På 1900 tallet såg ein etter kvart potensialet som låg i Vestlandskraudkolla som produksjonsdyr og på 1950 og 60 talet var Vestlandskraudkolla den dominerande rasen med over 60000 dyr. I fleire år etter at NRF gjorde sitt inntog var enkelte buskapar av VR rasen i landet framleis blant dei høgstytande. Mange overassistentar/ veterinærar og andre innan landbruket meinar framleis i dag at Vestlandskraudkolla skulle vore basis for den framtidige og moderne avlen, noko som ho i liten grad er.

1. Standard opplysninger og viktige eksteriøre trekk for rasen

Egenskap Beskrivelse
Mankehøyde for kyr over 2 år
(gjerne oppgitt som intervall)
-110 – 130 centimeter (stangmål)
Brystomfang for kyr over 2 år
(gjerne oppgitt som intervall)
155 – 180 centimeter
Vekt for kyr over 2 år
(gjerne oppgitt som intervall)
VR laget har ønske om at kyr av vr. rase har ei levandevekt mellom – 380 til 480 kilo.
Horn Horn aksepterast ikkje. Nyvler kan forekomme på hanndyr men er ikkje ønskeleg frå laget si side.
Eksteriør Ingen endring frå tidlegare standard.
Ønsket årsavdrått
(gjerne oppgitt som intervall)

Førstekalvskyr: 15-22 kg. Kyr: 20-28. Fôring etter norm.

Då vi veit at mange med VR. brukar forholdsvis lite kraftfôr (3 kg dag) må dette gå tydeleg fram på informasjonen som vert gitt over mor / buskap ved innmelding av oksekalv til semin. Ei ku med liten avdrått kan likevel vere eit framifrå produksjonsdyr viss ”normen” vert lagt til grunn.

Enkelte førstekalvskyr av vestlandskraudkolla har forholdsvis låg ytelse etter første kalv, men kjem sterkt tilbake året etter. Difor skal ein alltid avvente ei ku til andre kalv før ein kan forutsjå produksjonsemna til kua.

Farge

Slik som namnet framgår er raudkolla vanlegvis rød på farge. Rødfargen kan variere i ulike nyansar frå lysbrun til rød brun og mørk brun. Svarte dyr av rasen ligg også i genane. Enkelte kan ha kvite avtegn. Kvitt felt i panne, kvit haletipp, kvite avtegn rundt jur og under mage. Lyse mørke ”ringar” på sidene av dyra kan forekomme. Kallast ”trivselsringar” (litt felles med ”brandet”). Enkelte dyr kan også ha lys mule.

I husdyrlæra på landbruksskulen i 1942 vert det uttalt følgande om fargen på vestlandskraudkolla: Vestlandskraudkolla er vanlegvis raud på let. Enkelte dyr kan ha kvite innslag. Branda og svarte dyr forekjem også.

2. Beskrivelse av andre særtrekk hos rasen

Vestlandskraudkolla er rekna som ei kombinasjonsku, god på både mjølk og kjøtt. Rasen er kjent for godt lynne, livleg temperament, god haldbarheit,gode bein og klauver, lett kalving, god fruktbarheit og helse. Mordyrinnstinktet er også stort hos rasen.

Vidare er VR kjent som framifrå gode og nøysomme beitedyr både på innmark og utmarksbeite. Rasen beiter ofte på andre plantearter enn NRF dyra. Lauv og lauvkratt er ein viktig del av fôropptaket i utmarka. Difor vert raudkolla rekna som ein framifrå ”kulturlandskapspleiar”

3. Rasens kulturhistoriske betydning

For eksempel
Vestlandsk Raudkolla er ein stor bidragsytar som har vore med å forma det unike kulturlandskapet som vi i dag har i dette landet. Eit kulturlandskap som gjennom generasjonar har vorte forma gjennom beitebruk på inn- og utmark. Stølsdalar som i århundre har vore brukt til slått og beitedyr. Stølar som vart oppførde pga. produksjonen frå desse gamle rasane. Ein gamal kulturhistorie som i dag er ettertrakta både av reiseliv og turisme.

Spesielle driftsformer
I eldre tider var husdyrhaldet basert mest på ”sjølvberging”. Store barneflokkar skulle ha både mat og klede. Hadde ein då ei ku eller to på gardane var det eit privilegium i så måte. Seinare vart gardane større og det vart meir produksjon både av mjølk og kjøtt. I dag er det volum og produksjon som er avgjerande. Vestlandskraudkolla er først og fremst ein mjølkerase, men har dei siste åra hatt ein sterk framgang i ammekuproduksjon.

Regionar
Vestlandsk Raudkolla har sitt utspring frå det gamle Lyngdalsfeet som på 1800 tallet vart kryssa med feet frå Rogaland. Seinare vart rasen utbreidd til Rogaland, Hordaland og på 1900 tallet vidare til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I 1962 vart det eksportert 2 oksar til Færøyane frå Rogaland. Tidlegare har ein del kviger frå Vest Agder vorte eksportert. I 1965 vart det overført 2 kviger som gåve frå Rogaland Bondelag til Madagaskar.

I dag har Vestlandskraudkolla fremdeles sitt kjerneområde på Sørvestlandet, men rasen har de senere åra også bredt om seg og er etterhvert å finne i de fleste av landets fylker.

15 Fløydis 5962 født 1953. Ei ku vi finner i stamtavla til flere av dagens VR-dyr. Kua var blant annet mor til seminoksen 6216 Fløyd. Middelavdrått for 11 år: 5830-4,1-239.