Den spesielle kua

Den 21. august 2016 reiste eg og kåno til Radøy til Hallgeir Vetås for å handle ku. Lite visste me om kva me skulle kjøpa eller kva me skulle sjå etter når det gjaldt både eksteriør eller eigenskapar. Men me var storfornøgd etter å ha slitt med å få tak i fleire kyr til produksjonen vår.

Knut Arne Espe

Frå før så hadde me berre to kyr og ein kalv, den fyrste som var fødd på garden sidan 1976. Og den kua som var sjef heime var både tverr og vanskeleg å ha med å gjera, så me var spent på korleis dette skulle gå når me skulle sleppe dei ilag. Det vart handel, og me kjøpte 2 kviger og 2 kalvar av han. Kvigene tok me med heim denne dagen, og kalvane skulle eg henta seinare når eg skulle henta okse på Lygra 2 veker seinare.

Då me kom heim med kvigene me hadde kjøpt, valte eg å ta vogna med ut på beite og sleppe dei der. Nervøs og uerfaren som eg var, så må eg seie at dette var eg spent på. Eg hadde jo høyrt både eit og hitt om kva som kunne skje. Slåssing, nødslakt og krisemaksimeringa var absolutt til stades i tankane mine. Men når me slapp dei, så var rangen ordna før ho hadde tatt steget ut av vogna. Det var heilt merkeleg. Nye kviga kom berre å sa at «no er eg sjef her», og kyra sa berre «ja versegod, endeleg». Ingen slåssing, og etter litt undersøking av den nye plassen, så gjekk alle å beita fint ilag. Og etter dette vart ho berre kalla Sjefo. For sjef det var ho, absolutt heilt utan tvil. Verken andre kyr, kviger eller oksar fekk has på denne. Men alltid rettferdig og passa på flokken.

Kvar dag var eg og såg etter flokken. Og eine dagen eg var å såg om dei, var sjefo vekke frå dei andre. Eg lurte på kor ho var, og rope på ho hjelpte ikkje. Kor var ho? Eg tråla heile beitet, og vart meir og meir forundra. Før ein tanke slo meg, elva! Har ho dotte i elva? Eg gjekk langs elva for å kikke, og ganske riktig der var tydelege spor at det hadde vore ei ku som hadde sklidd utfor eit lite stup og ut i elva. Var sikker på at no skulle eg finne ho enten daud eller øydelagt. Kikka utor kanten, men såg ingen ku. Dette var rart fordi elva var ikkje stor nok til å klare å ta ho med seg nedover, men eg måtte sjå etter og følgde elva nedover. Og når eg kjem ned til flokken igjen, kven andre enn sjefo står der klissvåt etter bad i elva og lure på kvifor eg er så sein. Utan sår eller skade forutan eit lite skrubbsår på eine framfoten. Korleis den fekk klatra seg ned elva og opp på land, det skjønar eg ikkje den dag i dag.

Sjefo var heilt spesiell med at du kunne sjå at ho tenkte og resonnerte. Var flokken uroleg og var klar til å skifte beite, så forklarte eg ho at dei fekk to dagar til før me skulle skifte beite. Og flokken roa seg dei to dagane, men ikkje ein time lenger. Eg og sjefo fekk eit heilt spesielt band. Ho følgde meg kor enn eg gjekk, enten ute på beitet eller inne i garden. Og litt kos og oppmerksomheit var alltid noko ho både kravde og gav.

Eina året me skulle sleppe dei ut så klarte eg ikkje å få med kalvane. Dei gjekk til døra, men ikkje ein centimeter lenger. Alle kyrne sprang rundt på beitet, og begynte å ete på det friska graset. Eg ropte på Sjefo at ho måtte kome å hjelpa meg med kalvane. Og ho kom. Gjekk ut og inn av fjøsen fleire gonger for å visa kalvane kva dei skulle gjera. Men det nytta ikkje, kalvane gjekk ikkje utom døra. Då sa eg til ho at ho fekk henta mødrene, slik at dei fekk hjelpa til. Sjefo sprang ned på beitet og jaga heile flokken opp igjen for å hjelpa til med kalvane.

Dessverre så klarte me aldri å få kalv i ho. Fyrste året ho gjekk med okse og det ikkje kom kalv, tenkte eg at oksen ikkje hadde fått det til sidan han var liten i forhold til ho. Men andre året så skulle ikkje det vere årsak. Så vart noko mistenksam då det ikkje vart kalv det året heller. Snakka med dyrlege, men ho ville ikkje sjå på ho ein gong var berre å slakte fekk eg beskjed om. For meg var det uhøyrt, og eg ville ikkje sende denne. Endå to sesongar hadde eg håp om mirakel, men det skjedde ikkje. Og på slutten var ho sur og viste ikkje si beste side til dei andre i flokken. Mat var einaste ho tenkte på. Åt for tre, såg ut som to kyr men var fortsatt berre ei. Så då valte eg å sende ho til Folkedal for slakt. 330 kg ferdig slakta var ho, og enda på Michelin restauranten Bare Restaurant i Bergen. Det var det flottaste kjøtet dei hadde hatt fekk me beskjed om. Nakken kunne serverast som biff. Det var fint skussmål for ei heilt spesiell ku.