Vestlandsraudkollene på Tjugum:<br />
Ole Tjugum i Balestrand har den eldste besetninga av vestlandsraudkolla her til lands.Foto: Liv Kristin Sola, Bondevennen

Vestlandsraudkollene på Tjugum: Ole Tjugum i Balestrand har den eldste besetninga av vestlandsraudkolla her til lands.Foto: Liv Kristin Sola, Bondevennen

Fall pladask for vestlands raudkolla

Å få fram gode kyr med godt lynne og god mjølkeevne var ein drivar for Ola Riste.
– Raudkolla har nok den største plassen i hjarta mitt, seier den pensjonerte bonden.

Liv Kristin Sola, Bondevennen

Som æresmedlem var Ola Riste spesielt invitert då Laget for Vestlandsk Raudkolle feira 30 års jubileum i Balestrand. 84-åringen frå Valdres har vore ein pådrivar for utviklinga av dei gamle storferasane, spesielt vestlandsk raudkolle.

Og raudkollene skal vere rasetypiske – kolla og raude. Utan kvitt, slik dei kunne vere frå gammalt.

– Det har ikkje så mykje å bety, men …. Ola vrir seg litt i stolen og smiler lurt. – Det er nok litt forfengeleg, men eg meiner no dei skal vere raude.

Kyr som passar garden
Ola er fødd i 1939 og vaks opp på garden Nedre Riste i Vestre Slidre i Valdres. Bortsett frå litt skulegang har han budd på garden heile livet. Han har alltid hatt stor interesse for dyr og fekk tidleg ansvar for drifta på garden, som han overtok i 1970.

– Eg har hatt eit fint liv som bonde, men tel ikkje timar. Det er ein livsstil, seier Ola.

I oppveksten hadde dei telemarksfe, nokre fjordfe og raudkoller. Ferie var å reise på stølen. På 60-talet la dei om til NRF, men for Ola var det noko som skurra.

Eit langt bondeliv:<br />
– Eg har drive på med det eg har likt,<br />
men eg har ikkje telt timar, seier Ola.<br />
Foto: Lars Egil Bakka

Eit langt bondeliv: – Eg har drive på med det eg har likt, men eg har ikkje telt timar, seier Ola. Foto: Lars Egil Bakka

– Eg såg etter kvart kor kravfulle dei var samanlikna med dei kyrne eg vaks opp med. Det vart mest slik at vi måtte ha silo på ei side og kraftfôrsekken på den andre for at dei skulle få i seg nok til å mjølke av, seier Ola. – Og det vart lite mjølk på utmarksbeite.

Han fekk nyss om Tjugum i Balestrand, kor dei hadde halde på vestlandsraudkolla. Ola fekk kjøpt fire kyr og nokre ungdyr.

– Ola Tjugum meinte sjølv han var sta. Det måtte han jo vere. Alle gjekk over til NRF, men Tjugum meinte gardane på vestlandet var for små. Enda mindre vert dei når dei får NRF, sa han. Du veit, båsane var for små og bakkane for bratte. Dei gamle rasane nyttar beita mykje betre og trakkar mindre opp, seier han.

Ola gjekk attende til dei gamle rasane og mjølka på det meste godt 30 kyr, både raudkolle, fjordfe og STN. I tillegg mjølka han 130 geiter, dreiv skogen, og slo gras på 240 dekar.

– Fordi eg brukte så mykje utmarksbeite, vart jo garden enda større, seier han.

Små kyr og høg yting
Med kalving frå januar til april vart mykje av mjølka produsert på utmarksbeite. Og Ola likte å mjølke for hand. Først tre veker på heimstølen 700 moh. Så på fjellstølen på 1000 meter. I slutten av august bar det ned att til heimstølen til uti oktober.

– Eg fôra kalvane godt, men kvigene må ikkje fôrast for hardt frå dei er seks til åtte månadar. Då vert dei meir kjøtsette og utviklar ikkje juret skikkeleg. Ingenting kraftfôr, men godt med grovfôr gjer at dei utviklar ei stor vom. Det er i alle fall mi erfaring, seier Ola.

I gode år var avdråtten 6000 liter per årsku. Men det var stor skilnad mellom kyr. Kyr som ikkje var bra nok då dei kom til andre laktasjon vart utrangerte. Dei beste kunna halde 15 laktasjonar.

– Kyrne frå Tjugum var fantastiske. Og dei fekk mange kyrkalvar. Eg fekk ein god stamme og selde mykje livkviger, seier Ola.

Den minste raudkolla i buskapen var 1,09 i mankehøgd og 156 cm i livvidd. Ho mjølka 6500 liter.

– Eg kalla ho Lita, seier Ola.

Lita som sjølv var tvilling, fekk tre sett med tvillingar. Dei siste då ho var 23 år gammal.

– Oksekalven gjekk til semin og ga mange fine dyr. For Lita var jammen ei pen ku, minnast den pensjonert bonden.

«Eg har bestandig tenkt at det er bra om eg kvar dag
kan gjere det litt betre enn dagen før.»

Økonomien ligg i fjøset
Ola gler seg over at talet på vestlandsraudkolla aukar. Tida då folk nærast hånflirte av bønder som dreiv med dei små rasane, er forbi.

– Det har vore slik press om å auke produksjonen med større kvotar og meir kraftfôr. Men det passar ikkje alle stan’. Vi må sjå kvar gard for seg, og bruke utmarka, seier Ola.

Sjølv mista han kona så altfor tidleg og sat att med tre ungar i skulealder.

– Det å bli åleine har styrt måten eg har drive på. Eg måtte prioritere. Eg tente pengar i fjøset på mjølka, og på sal av livdyr, seier Ola.

Han leigde slått og rundballing. Det var lettvint og økonomisk. Ola er ikkje i tvil om at fornuftig drift og forsiktige investeringar er avgjerande for økonomien.

– Vi som er små kan ikkje leve som om vi er storbønder, seier han.

Den erfarne husdyrmannen meiner innsats og kompetanse må lønne seg.

– Eg har bestandig tenkt at det er bra om eg kvar dag gjer det litt betre enn dagen før, seier han, og minner om at det er den siste halvtimen du er i fjøset du har best betalt for.

Ei tung avgjersle
Ola avvikla drifta i 2007.

–  Det var ei stor sorg å miste kona. Men sorga over å legge ned var mest like stor, seier Ola.

Kjenslene vart forsterka av at han ein månad seinare mista mora, nær 99 år gammal. Ei viktig støtte for Ola alle åra åleine.

– Kvifor vart du æresmedlem i laget?

– Ja, sei det…. Det er sjeldan eg får hakeslepp. Det var som å få månen i huggu’, seier Ola.

– Trur du desse rasane vil overleve?

– Ja, for det blir fortsatt fødd folk som er sta, seier Ola.

Som mange nok har fått med seg døde Ola Riste den 15. november 2023 etter kort tids sykeleie. Ola var utnevnt til æresmedlem i laget, medlem gjennom alle de 30 år laget har vært i drift og han var også en av initiativtakerne bak at laget ble stifta.

Både VR-rasen og de andre gamle kurasene er Ola og hans familie en stor takk skyldig for den innsatsen og arbeidet de har lagt ned gjennom mange år med å ta vare på og å bevare disse gjennom virket og drifta si.

Uten denne innsatsen hadde situasjonen både for den Vestlandsk raudkolla og de andre gamle rasene vært en helt annen, og vi kan bare prise oss lykkelige for å være der vi er mye takket være dette.

Liv Kristin Sola er journalist i landbrukstidsskriftet ”Bondevennen”. Ikke bare har hun ved gjentatte anledninger viet både VR-kolla og de andre gamle kurasene oppmerksomhet gjennom sine reportasjer og innlegg.  Vi var også så heldige at hun satte av hele årsmøtehelga til å være sammen med oss og har gitt laget og rasen mye spalteplass i BV også etter dette.  Blant annet skrev hun en fin artikkel om Ola Riste. Denne har vi fått lov å gjengi her i bladet i anledning Olas bortgang.

Takk til Liv Kristin. For at du deltok på årsmøtet, for all publisitet du har gitt oss og for at vi får bruke artikkelen din i bladet.