Raudkollene trivst i fjoset på Kvia. Her står kalven til Silkrei, Kvirei, saman med Silkrei og Plomrei i april 1992. Foto: Jærmuseet.

Raudkollene trivst i fjoset på Kvia. Her står kalven til Silkrei, Kvirei, saman med Silkrei og Plomrei i april 1992. Foto: Jærmuseet.

Raukollene på Jærmuseet

Jærmuseet tar ikkje berre vare på gjenstandar, arkiv og andre ”daude” ting. Museet har og engasjert seg i arbeidet for å verna gamle husdyrrasar, og har ansvaret for ei bevaringsbesetning av vestlandsk raukolle. Vern av gamle husdyrrasar er viktig både ut frå forskningsformål og av kulturhistoriske omsyn.

Dessutan er husdyra svært viktige når ein skal formidla historia – ikkje minst til barn og ungdom. Skal ein t.d. visa livet på ein jærgard i 1950-åra, lyt ein og så langt råd er syna dei plantevokstrar og husdyr som var vanlege på ein gard på den tida. Dette er m.a. ei viktig målsetjing for Kviagarden.

Nils Njå og Målfrid Snørteland

Gjennom fleire tiår har dei gamle norske husdyrra­sane tapt terreng. Fleire rasar har gått ut, og andre er sterkt truga. Moderne avlsarbeid har ført til stør­re og meir produktive dyr. Dei siste åra har likevel både styresmakter, ulike institusjonar og privatper­sonar innsett kor viktig det er å ta vare på dei gamle husdyrrasane:

– Dei gamle husdyrrasane er ein viktig del av kulturhistoria vår. Kjennskap til dei gamle husdyra er vesentleg for å forstå tidlegare tiders produk­sjonsgrunnlag og levekåra til folk i ulike delar av landet.

I undervisning og forskning treng ein eit variert dyremateriale. Det gjeld i biologi og husdyrlære, for studiar av genetiske endringar og for studiar av dyra si utvikling og åtferd.

– Dei gamle husdyrrasane var ”stedegne” og var nøysomme og hardføre. Kanskje har desse dyra arveanlegg og eigenskapar som igjen kan bli vikti­ge i framtidige driftsformer.

Arbeidet med å ta vare på dei gamle husdyrrasa­ ne våre blir koordinert av ”Utvalget for bevaring av genressurser hos norske husdyr” (Genressursutval­get) ved Norsk Landbruksmuseum.

Jærmuseet samarbeider med Genressursutvalet og har ansvaret for ei bevaringsbesetning av vest­landsk raukolle.

Vestlandsk raukolla var den kurasen som var mest utbreidd på Sørvestlandet fram til 1960-åra. I dag nemner Genressursutvalet raukolla mellom dei truga husdyrrasane. At rasen framleis finnst kan ein i stor grad takka nokre få ”stabukkar” for.

Jærmuseet sine raukoller kjem frå besetninga til Torolv Randaberg i Randaberg. Men det var på hengjande håret at dyra blei berga frå slakthuset. Då Torolv Randaberg døydde brått vinteren 1989 vart slaktebilen tilkalla for å henta dyra. På veg til slakthuset skulle bilen eit ærend innom formannen i Randaberg bondelag, Sigve Bø. Han oppdaga lasta og ringde straks til dåverande styreformann i Jær­museet, Nils Njå, for å høyra om han hadde ledig plass i fjoset. Nils Njå og naboen Arne Fotland tok hand om kvar si ku, medan to kviger blei plasserte på Øksnevad jordbruksskule.

Dette var medan tunet på Kviagarden var under restaurering, og dei første åra måtte besetninga såleis ut på legd.

Men sidan våren 1991 har ein del av besetninga hatt fast tilhald på Kviagarden. Nåverande besetning består av ”halvsøstrene” Plomrei (f. 23.05. 1990), far: okse nr. 6414, og Silkrei (f. 20.05.1989), far: Hauge 6465, og kalven til Silkrei som vart fødd på Kviagarden 3.02. 1992 – far: T 6466.

Plomrei nedkom med kalv 21.10.1992. Mor til både Silkrei og Plomrei var Plomma, som kom frå Randaberg, men som nå er slakta. Plomma har følgjande stamtavle så langt me kan finna ut av:

Plomma, f. 23.04. 1982, mor: Fagrei, far: Torland 1433

Fagrei, f. 28.07. 1977, mor: Violin, far: Fripan 6452 (f.12.02. 1967 hjå Berge Sæberg, Dimmelsvik)

Violin, f. 22.03. 1968, mor: Raukoll far: Stuenissen 4872 (f. 17.12.1953 hjå Jonas Torland, Nærbø)

Raukoll, f. 10.03.1961 mor: Prinsessa, far: Friar

Prinsessa, f. 5.04. 1951 mor: Plomma, far: Hadland

Plomma, f. 5.05. 1943 mor: Rødkoll, far: Sola (?)