Nytt fjøs

Satsar friskt på gamle tradisjonar i Ulvik

I Ulvik ruster ein garden for framtida med grunnlag i tradisjonelle løysingar og ressursar.

I forbindelse med sommartur og årsmøte vart det arrangert gardsbesøk til Sævartveit gard i Osa, Ulvik. Garden er eigd av Kjartan Steine og Yngvil Johannessen, og ligg under høge fjell innerst i Osafjorden. Ein gard dei kom over i 2015, og som då var eigd av eit eldre syskenpar. Drifta hadde allereie lagt nede i mange år, då den siste sauen deira havna på middagsfatet 15 år tidlegare.

Kyr

Kjartan er oppvakse i byggefelt i Norheimsund, men har alltid ynskt å driva gard. Yngvil vaks opp på en liten plass i tidlegare Meland kommune, og hadde ingenting i mot å verte med på gardsdraumen. No bur dei på Sævartveit gard med sonen sin på 1,5 år, ein gamal hund og 21 raudkoller.
Då dei kjøpte garden i 2016 var den opphavlege planen å driva med sau, slik det hadde vore gjort i alle år. På grunn av overproduksjon av sau i området, vart det sett på alternative løysingar. Etter å ha sett på ulike raser falt valet på Vestlandsk Raudkolle, ein rase Kyrre og Eli Kvåle (Ulvik) og Knut Arne og Ann-Kristin Espe (Ullensvang) driv med. Det har dermed vorte eit samarbeid der ein hjelper kvarandre, og dreg nytte av kvarandre sin kunnskap.

I påvente av løyve til å bygge ny driftsbygning, flytta 6 raudkoller frå Kyrre sin buskap inn i den gamle låven hausten 2018. Då hadde allereie ei kronglete ferd mot realisering av nytt fjøs vore i gong eitt års tid. Området er prega av mykje vill natur, og skredvindfare og høg vassføring i elva som går gjennom tunet blei ei utfordring. NVE hadde ei meining om for stor fare, mens Skred AS kunne nedjustere den etter dei faktiske forholda på akkurat denne garden. Dermed var skredfaren ingen fare. Det måtte vidare utarbeidast rapport på elva og flaumfare, som etter lang tid og vart vurdert som trygg. Dermed fekk dei i juni 2019 endeleg grønt lys for riving av gamal fjøs og bygging av nytt!

19. juni 2019 starta rivinga av det gamle sauefjøset, mens den enda eldre høyløa vart ståande. Dei har vald å byggje grindverksbygg etter tradisjonell teknikk, og bygget er 21 meter langt og 13 meter bredt. Det er plass til 24 vaksne dyr fordelt på seks bingar, der alle har eige kalvegøyme i bakkant av bingen. I samarbeid med Larsastova i Folkedal, vart første grinda sett opp åttande november. Sjuande februar flytte dei opphavlege seks kyrne inn i nytt fjøs, og få dagar seinare kom ein stut, to kviger og fem kyr (alle med kalv) frå Knut Tunheim.

Fjøs inni
Fjøs

Kjartan og Yngvil er svært nøgde med det nye bygget, og det er så langt ikkje noko dei ville gjort annleis. Bygget er eit kaldfjøs, det er ope, lyst og triveleg, og dyra er særs rolege og ser ut til å trivast svært godt. Trekonstruksjonen gir eit godt inneklima både for dyr og menneske. Planen framover er å avle fram individ av god avstamming, med trekk som er rasestandard, og på den måten styrke rasen. Fine individ vil verte seld, mens resterande årsgamle stutar, dyr som ikkje er i samsvar med standarden, og kranglete dyr vert sendt til slakteriet på Larsastova. Inntil vidare vert kjøtet seld vidare av Larsastova, mens mindre mengder vert teke tilbake og anten konsumert sjølv eller seld sjølv.

Det blei, til stor glede for vertskapet, delt ut bjølla for deira innsats i vernearbeidet av Vestlandsk Raudkolle.

Tekst: Yngvil Johannessen
Foto: Yngvil Johannessen / Lars Egil Bakka

Kyr og mennesker